Lysa tende i lysløypa i Ladalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Nov 2020

Arkivfoto
Kan vere greitt å vite for
alle som likar langrenn, at utstyret no kan leitast fram. Svein Arne Nakken
fortel at lyset vert tend automatisk ved mørkets frambrot, og vert kopla ut
klokka 21.30 om kvelden.

Skal ein gå på ski seinare
enn det, må ein altså halde med lys sjølv.

Oppkøyring av spor er det
som før Sunnmørsalpane sitt mannskap som tek seg av. Truleg vil det stå på
nettet om der er forhold eller ikkje.

VIL-Nett ynskjer GOD TUR!