Minnest du hesteskokastinga i Velledalen….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2020
Jomfrustemnet for hesteskokasting
som konkurranseidrett i Velledalen IL fann stad 4.juni 1978. 30 deltakarar i
fem ulike klassar står det i lags-soga. Historiske vinnarar vart:
Jenter under 16 år: Karete
Hjorthol
Gutar under 16 år: Jan
Kåre Brunstad
Kvinner 16-40 år: Heidi
Petra Brunstad
Menn 16-40 år: Kai Roger
Skylstad
Menn over 40 år: Ole L.
Hole.
Året etter (1979), vart
det arrangert ope Velledalsmeisterskap i single med 48 deltakarar i mai, og
Bygdameisterskap i parkasting med 64 deltakarar i juni. Same år vart Øye-cupen
i Norangsdalen arrangert for fyrste gong, i samarbeid med Oddveig og Leif Dahl
som den gongen dreiv hotell Union på Øye.
For 40 år sidan, i 1980,
arrangerte så Velledalen IL offisielt NM på Dalemyra stadion både i single og
double. Deltakinga var stor, men heimehåpa sette alle på plass.
I single vann
Inger Marie Lie kvinneklassa og Jon Hole-Drabløs var best mellom herrane. I
double vann Inger Marie Lie/Oddny Brunstad kvinneklassa, medan Per Hole
Drabløs/Kåre Hole Drabløs feia all motstand til side mellom herrane.
Her er resultata frå eit
bygdameisterskap i hesteskokasting frå denne tida. Vi tek med berre dei beste:
DOUBLE HERRAR:
1. Stein og Gustav Dalseth
2. Jon og Ove André Årdal
3. Egil Skåre og Jon Hole-Drabløs
4. Per H-D og Kåre Hole-Drabløs
5. Atle Hole og Kai
Skylstad
5. Jon Brunstad og Kjell
C. Brunstad
7. Kjell Nilsen og Magnus Ødegård
7. Johan Aurdal og Lars Aurdal
DOUBLE KVINNER:
1. Annlaug Grebstad og
Inger Marie Lie
2. Laila Ødegård og
Oddlaug Lundstad
3. Helga Brunstad og
Ragnhild Brunstad
4. Solbjørg Hammer og
Kristbjørg Dale Bolstad
5. Torhild Horsevik og
Hildur Risnes
6. Olbjørg Hole-Drabløs og
Karen Skåre.
Så gjekk det slag i slag,
vi nemner:
1981: uoffisielt NM,
single, arrangert i Velledalen
1982: Velledalscupen i
hesteskokasting arrangert for fyrste gong – 212 deltakarar
1982: Oddgeir Bruaseth sin
film om hesteskokasting – i hovudsak frå Stranda og Velledalen – kom.
1983: Velledalen IL fyrste
klubb i landet som arrangerte uoffisielt NM i mixed double med fantastiske 168
deltakarar
1986: Norges
Hesteskokastarforbund skipa. Frå dette året alle NM offiseielle. Ragnhild
Brunstad sat i Forbundsstyret dei to fyrste åra. Kjell Arild Heggdal kom på
delt 1.plass i Norgescupen samanlagt i 1986.
1990: Interessa hadde
byrja dabbe i Velledalen, men laget arrangerte med bravur sitt einaste offisielle
NM i single, med innlagt NorgesCup.
1993: Siste storstemnet
vart arrangert i Velledalen, eit NorgesCup-stemne. Same år vart Kjell Arild Heggdal
NM-vinnar i Hobøl.
1998: Ragnhild Brunstad
gjorde eit flott comeback som kastar.
To 1.plass i NorgesCup-stemne
og 2.plass samanlagt i kvinneklassa.
I dag er diverre dei
ivrigaste frå glanstida borte. Men alle som opplevde denne tida har minna lagra,
vil vi tru. Og Velledalen IL gjorde gode pengar på hesteskokasting. Kring 50 000
kroner netto. Og det var mykje pengar på starten av 1980-talet.
Ein skal ikkje sjå vekk
frå at Velledalen IL dreg i gang ei enkel markering. At det i 2020 er 40 år
sidan det fyrste uoffisielle NM vart arrangert i Velledalen, og 30 år sidan det
fyrste og siste offisielle, bør markerast. Hesteskokasting var nemleg stort i
Velledalen. Særleg i åra 1980-1983.
Faktisk har ingen anna
aktivitet samla så mange til fredeleg kappestrid i moderne tid. Men sjølvsagt;
det var som med alt anna… for somme var det blodig alvor.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024