Vinterkarusellen: Kjempedeltaking – sterke VIL-resultat
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Nov 2020
bilete frå smp.no
Nye arrangørar denne
gongen, i eit opningsløp som viste at staben deira enno litt å jobbe med. Denne
gongen tok det lang tid før resultatlistene vart rette, men dette vil nok gå
seg til etter kvart, saman med det som var av anna smågrums.
På startlistene finn vi 62
deltakarar på 5 km, 79 på 10 km og Karstein Sørland i trimklassa. 142 til
saman, er imponerande.
5 KILOMETER:
Her gratulerer vi Andreas
Mosby Nakken med klassesiger i M 16-17 år med tida 19.26, som er ny personleg
rekord. Tida betyr at han er god for ned mot 17.15 på Konradløpet, som bør bety
at 16-talet vert målet ved neste korsveg der. Tvillingbror Sivert stod over
denne gongen, men er truleg tilbake til løp to.
Vi gratulerer Marita
Andreassen med klassesiger i klasse K 45-49 med tida 23.46. I same klasse vart
Irene Mork nummer to med tida 27.43.
Gratulasjonar også til
Lillian Nykrem som vann klasse K 35-39 med tida 29.51.
Vidare på 5 km nemner vi
at Irene Løland kom på fin 2.plass i klasse K 30-34 på tida 26.36. I M 50-54
leverte Frode Hoprekstad solid med 3.plass som resultat og tida 20.58. I same
klasse vart Svein Arne Nakken nummer fem på 22.40. Veterangutane held koken!
Best tider på 5 km:
Menn: Simen Krogseth Olsen,
16.46
Kvinner: Audhild Rognstad,
19.20
10 KILOMETER:
Her vart May Evy Nesheim
klassevinnar i K 45-49 på tida 44.19. Dette var nest beste kvinnetid uansett
klasse, 31 sekund bak Nina Alvestad. Med andre ord ein god dag for May Evy.
Frode Mauren hadde ambisjonar
om å sjå 37-talet. Noko han heilt klart låg an til å greie, før han i siste del
av løpet vart plaga av hjarteflimmer. Dermed vart det 2.plass i M 45-49 på tida
38.47. Karl Gunnar Emblem med slekt i Velledalen, vann på 37.38
Så nemner vi at Bjørn Arve
Brune frå Stranda leverte sin beste 10 km på sju år, då han vart klokka inn til
40.05. Som heldt til sterk 2.plass i M 55-59. Same plassering fekk Fridtjof
Fredriksen i klasse M 50-54 på tida 41.38, som er betre enn alle løpa i 2019.
Kvasse saker!
Best tider 10 km:
Menn: Hans Jacob Hunnes, 35.44
Kvinner: Nina Alvestad, 43.48
Friidrettsleiar, AP Bøe,
har meldt til nettsida at han er særdeles godt nøgd med VIL-løparane sine
sportslege resultat i opningsløpet. Truleg går løp to med ein minst like stor
VIL-tropp trur friidrettsleiaren.
PS. Det har diverre ikkje
kome inn ferske foto frå løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024