Vinterkarusellen i Ålesund startar i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Nov 2020
Arkivfoto
Det minner ikkje mykje om
vinter, men uansett; i dag går fyrste løpet i Ålesund Vinterkarusell 2020/2021.
Mange er tydelegvis løps-sugne, i alle fall er deltakinga stor.
Tidleg laurdag morgon
hadde desse løparane meldt seg på frå Velledalen IL:
May Evy Nesheim (K 45-49)
Lillian Nykrem (K 35 -39)
Frode Hoprekstad (M 50-54)
Svein Arne Nakken (M
50-54)
Frode Mauren (M 45-49)
Andreas Mosby Nakken (M
16-17)
Elles fann vi desse namna
på løparar frå Sykkylven /Stranda:
Bjørn Arve Brune
Irene Løland
Irene Mork
Marita Andreassen
Fridtjof Fredriksen.
Det kan fort gjort bli
fleire løparar både frå Velledalen IL og lokalt. Desse vil vi fange opp gjennom
resultatlista, som vil kome på nettsida i løpet av dagen.
Friidrettsleiar Alf Petter
Bøe ynskjer alle i VIL-troppen masse lukke til. Han sjølv er skadd og deltek
ikkje denne laurdagen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024