Alf Petter 134 av Vellesætra sine 1641 noteringar
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2020
Det skilde berre 37
noteringar mellom posten i Riksheimdalen og Vellesætra trimpost. Så 4.plassen
mellom Velledalen IL sine 14 postar i 2020 var langt frå trygg. Det er likevel
ein plass ned på lista i høve til 2019, då Vellesætra vart nummer tre.
Vellesætra trimpost siste fem år:
2016: 1591 noteringar
2017: 1377
2018: 1425
2019: 1310
2020: 1641
Menn på dei to fyrste
plassane på Vellesætra trimpost er uvanleg. Faktisk særdeles uvanleg. På same
måten som det er særdeles uvanleg at personar busette på Velle vinn posten. Men
i år slo det til, for friidrettsleiaren I VIL, nordmøringen Alf Petter Bøe, bur
faktisk på Velle. Sterk, og gledeleg 2.plass til Kjell Skogvold, alpinleiar i
Velledalen IL for kring 40 år sidan.
Topp-5 Vellesætra trimpost 2020:
1. Alf Petter Bøe, 134
turar
2. Kjell Skogvold, 124
3. Arnhild Linga, 106
4. Inger Anne Brunstad,
102
5. Anne Britt Hammer, 54
Rangering mellom trimpostane 2020:
Når berre «pallplassane»
står att, er stoda denne:
4. Vellesætra 1641
noteringar (Alf Petter Bøe postvinnar)
5. Dammen Riksheimdalen
1604 (Ivar Arne Flo)
6. Skogsvegen Drabløs 1474
(Annlaug Lervåg)
7. Skogsvegen Hjorthol 1378 (Atle Jomar Hole)
8. Skogsvegen Fet 1257 (Grethe Fet)
9. Koppen 816 (Ingrid Brudevoll)
10. Myrdalsfjellet 762 (Elling Hole)
11. Regndalen 473 (Geir Helge Grebstad)
12. Hytta Brunstadkølen
280 (Jan Kåre Oterhals)
13. Holetindane 158 (Jan
Kåre Oterhals)
14. Høgsætra Fet 119
(Helen Longva Fet)
Kjønnskampen etter 11 postar:
KVINNER – MENN 4 - 7
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024