Skogsvegen Fet: Beste sesong sidan 2012
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2020
1257 noteringar er det beste skogsvegen Fet har hatt på lang tid. Vi må
heilt tilbake til 2012 for å finne eit betre resultat.
Då med 1487 signaturar i boka. Likevel gjekk posten to
plassar tilbake i høve til 2019, då posten tok ein sterk sjette plass. Som ein
vil sjå av tala for siste fem åra, er skogsvegen Fet ein post med stabilt
besøk. Her er tala:
2016: 1088 noteringar
2017: 1154
2018: 1109
2019: 1081
2020: 1257
I all hovudsak er det tre
personar å takka for fine tal ved skogsvegen Fet. Dei tre er ekteparet Grethe
og Odd-Kåre Fet, og Astrid L. Drabløs. Samla hadde denne trioen i 2020 heile
964 av 1257 registrerte turar. Sterke tal som vitnar om spreke folk i 70-åra i
nærmiljøet vårt!
Topp-5 for skogsvegen Fet i
2020 ser slik ut:
1. Grethe Fet, 353 turar
2. Odd-Kåre Fet, 351
3. Astrid L. Drabløs, 260
4. Helen Longva Fet, 53
5. Alf Petter Bøe, 21
Rangering mellom Velledalen
IL sine trimpostar 2020:
8. Skogsvegen Fet, 1257 noteringar (Grethe Ramstad Fet)
9. Koppen, 816 (Ingrid Brudevoll)
10. Myrdalsfjellet, 762 (Elling Hole)
11. Regndalen, 473 (Geir
Helge Grebstad
12. Hytta Brunstadkølen,
280 (Jan Kåre Oterhals)
13. Holetindane, 158 (Jan
Kåre Oterhals)
14. Høgsætra Fet, 119
(Helen Longva Fet)
Kjønnskampen:
KVINNER – MENN 3-4
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024