Elling Ivar (79) soleklar vinnar av Myrdalsfjellet trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2020

Med 762 noteringar tok
Myrdalsfjellet trimpost 10.plassen mellom VIL sine 14 postar sist sesong. Og
posten var den einaste som hadde tilbakegang frå året før. Frå 802 signaturar i
2019 til 762 i 2020. Mykje snø i høgda gjorde at topp-sesongen vart relativt
kort dette året. Kanskje ligg årsaka til tilbakegangen der….?

Myrdalsfjellet trimpost siste fem år:

2016: 849 noteringar

2017: 906

2018: 859

2019: 802

2020: 762

Som vanleg vart Elling
Ivar Hole, 80 år i 2021, suveren vinnar av posten. Og vi gratulerer Elling som
den eldste av Velledalen IL sine trimpost-vinnarar dette året! 132 turar til
toppen av Myrdalsfjellet i løpet av eitt år av ein 79-åring må omtalast som
solid. Då er vi linne i ordbruken. Dei fire andre på topp-5 hadde 130 turar til
saman.

Topp-5 Myrdalsfjellet trimpost 2020:

1. Elling Hole, 132
noteringar

2. Ingrid Brudevoll, 59
noteringar

3. Bjørg Frøystad Hole, 36

4. Mari S. Leichty, 19

5. Nils Terje Skylstad, 16.

Rangering mellom postane 2020:

10. Myrdalsfjellet, 762 noteringar (Elling Hole trimpost-vinnar)

11. Regndalen, 473 (Geir Helge Grebstad)

12. Hytta Brunstadkølen,
280 (Jan Kåre Oterhals)

13. Holetindane, 158 (Jan
Kåre Oterhals)

14. Høgsætra Fet, 119
(Helen Longva Fet)

Kjønnskampen 2020:

KVINNER – MENN 1-4

PS. Vi minner om at kvinnene vann med tunge 9-5 i 2019.