Geir Helge trimpostvinnar i Regndalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2020
Regndalen trimpost auka
frå 432 noteringar i 2019, til 473 i 2020. Begge åra vart posten nummer 11,
rekna etter besøk, av Velledalen IL sine 14 postar. Rekordnoteringa på posten
skriv seg tilbake til 2014, då boka hadde heile 967 signeringar.
Regndalen siste fem år:
2016: 483 noteringar
2017: 330
2018: 363
2019: 432
2020: 473
Det kan IKKJE omtalast som
sensasjon at Geir Helge Grebstad vann denne posten med 61 turar. Han har vunne
denne før. Ofte. Og vi trur han hadde gått fleire turar om han måtte… Fjør i
hatten til o-leiar Pernille for fin 2.plass, og Tommy Rasmussen på tredje.
Alltid kjekt med nye namn på listene. Dei to siste plassane på topp-5 gjekk til
to unge Brunstad-karar.,
Topp-5 Regndalen 2020:
1. Geir Helge Grebstad, 61
turar
2. Pernille Ibsen Lervåg,
17
3. Tommy Rasmussen, 11
4. Robin Urke Brunstad, 10
5. Elias Urke Brunstad, 9
Trimbok-året 2020, rangering mellom postane:
11. Regndalen – 473 noteringar
(Geir Helge Grebstad)
12. Hytta Brunstadkølen - 280 (Jan Kåre Oterhals)
13. Holetindane – 158 (Jan
Kåre Oterhals)
14. Høgsætra Fet – 119 (Helen
Longva Fet)
Kjønnskampen:
KVINNER – MENN 1-3
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024