Rekordjakt i Hytteplanmila

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2020

Arkivfoto
Løparar
frå Velledalen IL si Osloavdeling har i normalår vore representert i
Hytteplanmila. I år var arrangementet litt forskjellig frå tidlegare med
virtuelt løp som kunne takast mellom 1. og 17. oktober, samt eit reint eliteløp
med landets fremste utøvarar, som var gjennomført 17. oktober.

Karoline
Bjerkli Grøvdal (K23-34) imponerte stort då ho med tida 30:32 sletta Ingrid
Kristiansen sin 10 km gateløprekord frå Boston i 1989. Det enda med 1. plass,
løyperekord, norsk rekord og pris for årets utøvar til Karoline.

Topp 5:

1 Karoline
Bjerkeli Grøvdal, Tjalve IK, K23-34, 0:30:32

2 Vienna Søyland
Dahle, Skjalg IL, K23-34, 0:33:18

3 Kristine Eikrem
Engeset, Tjalve IK, K23-34, 0:33:23

4 Hanne Mjøen
Maridal, Ullensaker/Kisa IL Friidrett, K23-34, 0:33:49

5 Maria Wågan,
Tjalve IK, K23-34, 0:33:50

Det vart ikkje
løyperekord i herreklassa, men Zerei Kbrom Mezngi si tid på 28:20 er den neste
beste tida som er gjort i løpet. Vi bit oss merke i unge Abdullahi Dahir Rabi i
klasse M16-17 som kom i mål på tida 29:17 og ein sterk 7. plass, rett bak Filip
Ingebrigtsen. Ultraløparen Kilian Jornet, busett i Måndalen, er ikkje ein
typisk asfaltracer, men kom i mål på 18. plass med tida 29:59. Ei anna sterk
notering finn vi av Ebrahim Abdulaziz (M40-44), som to gongar har delteke i
Konradløpet, og to gongar sett løyperekord i Velledalen. Han er einaste løpar i
klassene over 35 år på topp 20-lista i Hytteplanmila, i mål med 30:04 på
klokka.

Topp 5:

1 Zerei Kbrom
Mezngi Spirit Stavanger FIK M23-34 0:28:20

2 Narve Gilje
Nordås Sandnes IL M20-22 0:28:28

3 Bjørnar
Lillefosse Gular IL M23-34 0:28:45

4 Magnus Tuv
Myhre Brandbu IF M20-22 0:28:52

5 Isaac G.
Tesfamichael Leksvik IL M23-34 0:28:04.29