God start for trimposten på Straumsheim
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2020
Ei kort oppdatering frå
den nye trimposten på Straumsheim. Ei dryg veke etter trimposten ytst på
skogsvegen på Straumsheim vart opna, har der vore jamt sig av «kundar». Heile
fire sider i boka er utfylde. Då VIL-nett var på posten laurdag 17.oktober om
ettermiddagen, låg fylgjande trio i tet: Magnus Skrede (87 år komande
lisjejulaftan) hadde gått hardast ut med åtte turar. Inger Halldis Kurseth
Tandstad pustar han likevel hardt i nakken med sju noteringar. Sylvia Taraldsen
tek tredjeplassen på «pallen» med fire noteringar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024