Jan og Jonny vann i blåsten
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Okt 2020
Forholda var ikkje dei
beste med vind og regn. Sterk vind på toppen, men akseptabelt i bakken, vert
det meldt frå VIL sin meldar frå rennet.
Hopparane vart våte og
kalde alt under prøveomgangen. Jonny hoppa i K-40 bakken, og fekk til to jamne
hopp under rennet.
29,5 meter og 29 meter gav 127,2 poeng og 1.plass i gutar 12 år.
Jan Ringseth hoppa i K-25, og slo til med 21 meter og 21,5 meter i
klasse 70-79 år.
Poengsummen hans vart
149 poeng, klart føre Sindre Helland frå Stordal IL. Men her skal det leggast
til at Helland hoppa berre eitt hopp.
Med andre ord ein god
hoppdag for Velledalen IL – takka vere ein gutehoppar (Jonny) og ein
superveteran (Jan).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024