Klubbmeteorologen vår sitt varsel ut året

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Okt 2020

Som ein av klubbmeteorologane har eg f
 å
 tt oppmoding om
 å
  kome med ei vermelding for resten
av 2020.


Trass i at dei profesjonelle meteorologane melder godt ver
lenge framover, så syner almanakken min at det kan bli grått og ein del nedbør
frå ein gong i slutten av denne veka og utover i oktober.



 Heile november ser ut til å verte nokså turr, med ein del kulde.



 Vi får snø i første halvdel av desember. Kor mykje er
ikkje godt å seie, men det kan bli ein del. Resten av desember blir det
ein del nedbør, mest som regn og sludd. Korvidt det vert kvit jul er
ikkje godt å seie, men det ser i alle fall ut til å verte litt våtsamt i
juletider, så det er temperaturen som avgjer kva slag nedbør det vert.



 Vyrdsamt



 Per-Gunnar Holmberg


klubbmeteorolog