Atle Grodås til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2020
Atle Grodås er truleg mest
kjend i Sykkylven som buss-sjåfør. Men han var og ein ihuga idrettsven og flott
representant for Sykkylven IL. 30.september gjekk han bort i ein alder av 86
år, og det kan vere naturleg å dele eit par gode minne frå Atle Grodås sine
velmaksdagar.
Begge minna skriv seg
tilbake til 1980-talet. Det dreier seg om eitt vårminne (Holmenkollstafetten)
og eitt vinterminne (Fjellsæterrunden).
Vinterminne etter Atle
Grodås:
Fjellsæterrunden på
1980-talet var ingen spøk. Den tida med Bård Erstad som løypesjef og ei
samanhengande løype på kring 30 kilometer som både gjekk langt ned i
Fasteindalen, og langt opp i Røvsdalen. Og der «Fløt-Oddvar» hadde sin faste
plass for utdeling av vørterøl til slitne, utvalgde sykkylvingar. På det meste
400-500 deltakarar, trimklassa medrekna.
Eitt
av desse åra kom eg i skade for å knekke ei ski i ei dump langt inne i «Fausamarkane».
Heilt av var den ikkje, den hang og slang i «skinnet». Vêret var ikkje det
beste, så det var langt mellom folka langs løypa. Tanken var at eg fekk gå til
eg var i nærleiken av veg, og eventuelt bryte då. Men brått stod der ein kar langs løypa.
Ein kjend kar. Ein kar med same skitype (den gongen Rossignol) og same
bindingssystem som med sjølv. Mest som høgare makter skulle ha sendt han. Det
var Atle Grodås, og han sa:
-
Her, ta skia mi.
Slik fekk eg ny ski i ein
fei, og fullførde rennet på ein akseptabel måte, takka vere Atle Grodås.
Vårminne etter Atle
Grodås:
I åra 1980-1984 deltok
Velledalen IL i Holmenkollstafetten fem gonger. Nokre av desse med to lag, både
herre- og damelag. Som regel vart stafetten arrangert andre helga i mai, ei
travel tid på ymse vis, og ofte fekk ikkje lagleiar Terje Aurdal full oversikt
over kven som vart med før dagen før avreise.
Dette aktuelle året skulle Atle Grodås vere
buss-sjåfør på turen til Oslo. Han hadde fått beskjed av Terje om å ta med
joggesko, då det kunne bli knapt med mannskap. Det må og seiast at
Osloavdelinga til Velledalen IL var mindre vital på 1980-talet enn i 2020, så der
var ikkje all verda å hente på den fronten heller.
Då
bussen vår nådde hovudstaden var det klart at herrelaget hadde med 13 løparar
til 15 etappar. Dette vart ordna slik:
Nils Terje Skylstad - rangert som Velledalen IL sin sprekaste løpar dette året – tok to etappar. Ein
tidleg i stafetten og ein seint. I tillegg sprang buss-sjåfør Atle Grodås ein
av dei kortaste etappane. Slik berga vi stafetten på ein verdig måte.
Ein mann av gode
gjerningar har gått bort.
Velledalen IL lyser fred over minnet.
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024