Datoar for vinterkarusellen i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2020

Arkivfoto
Sjølv om bedriftsidretten
tek over arrangementet vil mykje bli som før med Vinterkarusellen. Start/mål på
same stad (Dekkmann), talet på løp (fem) og valfri distanse (5 eller 10 km) vil
vere som tidlegare. Nytt av året er ei ny trimklasse utan tidtaking. Denne startar
same stad som konkurranseklassa, men har ei litt anna løype.

Løps-datoar:

1.løp 14.november

2.løp 12.desember

3.løp 16.januar

4.løp 13.februar

5.løp 13.mars

Startkontingent:

Kr 500,- for heile karusellen eller kr 150,- for enkeltløp.

Det er venta at Velledalen
IL stiller ein fyldig tropp til desse løpa.