Ny trimpost på Straumsheim på plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Okt 2020
I desse dagar vert bøkene
på Velledalen IL sine trimpostar skifta, som betyr at ny sesong er i gang. Og
enno meir gledeleg, ein ny trimpost har kome i tillegg til dei 14 tidlegare, på
Straumsheim. Ein post som er lett tilgjengeleg; ein av dei mest
barnevogn-venlege, får vi meldt. Ein typisk 2-poengar.
I dag, 7.oktober, vart
posten sett opp av ekteparet Anita og Svein Nakken. Dei slapp vente lenge på
fyrste kunden. Det vart Kristin Klokk Stølen som fekk æra av å gjere jomfru-signeringa,
7.oktober klokka 18.10 noterte ho namnet sitt i boka.
Truleg vil posten bli
populær. Kjem ein med bil er Slettegjerde eit naturleg utgangspunkt med god
plass for parkering. Mange av dei busette i Straumgjerde vil sikkert gå
heimanfrå.
Gjer vel og skriv talet på
turar bak namnet dykkar. Særleg viktig at dei som går mykje gjer dette. Om eitt
år veit vi kven som vert fyrste trimpost-vinnaren på Straumsheim.
Velledalen IL helsar god
tur til alle som finn glede i den nye posten!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024