Kan bli lagt inn eit bod på Fridtjof
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2020
Fridtjof Fredriksen er det ein på godt norsk kallar klubblaus, men han er i knallform. Vurdert etter alder kanskje det beste han nokon gong har vore. I.32.50 i Gloppen som siste års løpar i klasse 50-54 år er særs solid. Neste sesong er han yngst i klasse 55-59 år, og vil vere heilt i øvre sjikt på lokale resultatlister.
Truleg vil herr Fredriksen om kort tid ta mot eit bod frå friidrettsleiar Bøe og kasserar Tandstad. Eit bod han neppe vil kunne stå imot. Fridtjof veit nok at kjem han inn under Velledalen IL sitt «langings-regime», vil han spare kring 30 sekund på eit løp som det i Gloppen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024