Gyls-gutane hadde kvinne som fartshaldar
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2020
Fotoet er henta frå
Gloppen halvmaraton, ganske nøyaktig etter seks kilometer. I god tid før
Andreas måtte på skogen i eit naudsynt ærend. Gyls-gutane hadde lagt seg bak ei
ukjend kvinne, og såg ut til å ha det komfortabelt der. Svein Arne Nakken i
fylgjebilen forklarar:
-
Ho er erfaren.
Har mange løp og ho meinte sjølv ho skulle vere god for kring 1.39 på
distansen.
Med andre ord handplukka.
Og det gjekk som det skal, og som det gjer i store løp. Begge Gyls-gutane
sprang frå fartshaldaren sin. Med spenstige 1.37.54 som resultat for Andreas,
og der Sivert også gjorde sitt beste halvmaraton med start og mål på same
høgdenivå (1.41.28)
Vi kjem til å høyre meir
frå Gyls-gutane!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024