«Langing» i verdsklasse
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2020
På dei fleste løp får
Velledalen IL sine løpare litt betre service enn løparar flest. Biletet er
henta frå Rygg i Gloppen, der Velledalen IL sin friidrettsleiar, Alf Petter
Bøe, har servert,
sekundert og oppmuntra
Frode Mauren. Dette var seks kilometer føre mål, og Frode sette ny personleg
rekord med tida 1.25.11. Den gamle lydde på 1.25.59. Litt av ein
storbil-sjåfør!
Ved sida av Alf Petter
Bøe, var det langrennsleiar, Svein Arne Nakken, som stod for langinga. Anita
Mosby Nakken var også med i støtte-teamet, medan konkurrentane mumlar i
bakgrunnen om at:
-
Velledalen IL har
«langing» i verdsklasse.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024