Alnes er målmanns-namnet i VRF

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2020

Vi trur ingen av desse
karane er medlem av Sykkylven Mållag, men like fullt er dei målmenn. Målmenn i
VRF med tenestetid frå laget vart stifta (1952), til det «gjekk inn» i 2002.

På fotoet, teke under ei
samkome i ei løe på Eidem i 2019, ser vi frå venstre: Kai Lennart Alnes, Stian
Hole, Leiv Arne Alnes, Bjarne Alnes og Johan Svindseth. Vi trur ingen av desse
fem har vakta måla på Slettegjerde/Dalemyra i 2020. Ikkje har der vore spela
mange kampar heller. Kanskje fem i talet på Dalemyra….?

Men det historiske denne
sesongen er at ein ny generasjon Alnes – Kai Lennart sin son - har vakta målet
på Dalemyra stadion i 2020. For Sykkylven Idrottslag mot Spjelkavik. Med andre
ord tredje generasjon Alnes som målmann på Dalemyra. Diverre har vi ikkje foto
av guten, men vi takkar opphavet hans for innsatsen gjennom dette
målmanns-fotoet.

PS. Dalemyra fyller 50 år
fyrste helga i juli 2021. Det vil bli feira med bollar og brus og ymse anna