Snart bokbyte og ny sesong på trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2020
Ordninga på VIL sine
trimpostar er slik:
Ny trimbok ein av dagane
kring 1. oktober betyr ny sesong.
Då startar vi på ny frisk,
med namn og tal på tur vedkomande har gjort på posten bak namnet sitt. Vi ser
at nokre få ikkje forstår dette systemet og set alderen sin bak namnet i
staden. For eksempel kan det stå: Per Pettersen – 73, sjølv om det er Per Pettersen
sin fyrste tur på posten. Men det viktige er at dei «tunge» brukarane av
postane gjer det rett. Dei som blandar seg inn i topp-5 kampen på dei ulike
postane, eller dei som er inne - eller snusar på - topp-10 samanlagt. Med andre
ord dei statistikkførar Nils Terje Skylstad legg arbeid på når sesongen er
over.
Men altså; kan nokon stå
for bokbytet på Koppen, Myrdalsfjellet, Bruna eller Riksheimdalen (eller andre
stadar), så meld frå til Nils Skylstad eller Henning Tandstad snarast.
Oppdraget må reknast som ærefullt.
PS. Og ta sjølvsagt med
bøkene som alt ligg der tilbake
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024