Enorm hopp-framgang for Jonny
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2020
Jonny Mauren er Velledalen
IL sin einaste gutehoppar. Denne helga fekk Jonny verkeleg køyrt seg – på hoppsamling
i Knyken ved Orkdal. Der ligg plastbakkane på rekkje og rad; K-10, K-20, K-30,
K-50, og K-68.
-
Eit fantastisk
anlegg, er orda reiseleiar og far, Frode Mauren brukar.
Under trening på laurdag
starta Jonny i K-30, men gjekk raskt over i
K-50. Med det resultat at den personlege rekorden vart flytta frå 22 til 26
meter.
Dagen etter, varma Jonny
opp med springing før hoppinga. Det gjorde susen då Jonny fleska til med 30
meter. Og ikkje nok med dette, før heimreisa prøvde guten eit hopp i K-68
bakken, med nær 80 kilometer i timen i toppfart.
-
Ei flott helg med
masse trening og god progresjon, heiter det i meldinga frå Orkdal.
VIL-Nett minner nok ein
gong om VIL-rekorden i skihopp. Den er det 93 år gamle Magnar Fet som har, sett
i Hornindal på 1950-talet. Ein rekord som lyder på 53 meter og som skrik etter
avløysing. Jonny Mauren kan bli «mannen» som gjer det.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024