AP Bøe vann Lina Roindt i Rindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2020
Friidrettsleiaren i
Velledalen IL, Alf Petter Bøe, var på plass i Rindal då tradisjonsrike Lina
Roindt vart arrangert sundag 13. september. Løpet er 10 805 meter langt.
Alf Petter heldt som
vanleg på slike løp ei fart i nærleiken av fire minutt per kilometer. Det gav
slutt-tida 43.52 og klassesiger i klasse 50-54 år.
Beste herretid leverte
Trond Ørjan Eide frå Svorkmo med ny løyperekord på sterke 33.07. Beste kvinne
vart Ingebjørg Sunde, også ho frå Svorkmo, på like over 44 minutt
Kring 25 løparar fullførte
løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024