Njål sprang maraton på 2.40.18
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Sep 2020
Arkivfoto
Rensevegen, Jessheim:
Under Oslo maraton i 2019
sprang Njål på fantastiske 2.44.34 på heil maraton (42 195 meter).
13.september 2020 hadde Njål meldt seg på Perseløpet. Og det var ingen løyndom,
målet var ny personleg bestetid.
10 km vart passert på
37.49 – på 16.plass. Halvmaraton-passeringa var lett-hugseleg; 1.20.00, på
19.plass. Han låg i ei fin gruppe, så plasseringa kunne vere litt tilfeldig.
Heldt han koken heilt inn ville dette gå vegen. Men det er ei kjend sak at
mange utøvarar må vesentleg opp i tid på sist halvdel.
Men ikkje Njål. Han kryssa
mållina på 2.40.18, som vil seie 1.20.18 på andre halvdel. Altså fattige 18
sekund seinare enn fyrste halvdel. Rett og slett imponerande, og ein stabilitet
større løparar enn Njål slit tungt med å greie! Av alle deltakarar vart han
nummer 13, og han vart nummer fire i klasse M 35-39. Tida er ny klubbrekord på
maratondistansen for Velledalen IL. Sverre Gunnar Brunstad har truleg sprunge
litt raskare, men då representerte han Lørenskog FIL.
Dei beste i klasse M
35-39:
1. Geir Endre Rogn,
Fjellblom IL, 2.29.37
2. Lars-Christian
Simonsen, Follo Løpeklubb, 2.39.34
3. Michal Brandebrua,
Polen, 2.40.14
4. Njål Torillson Tyssing,
Velledalen IL, 2.40.18 – 18 sekund over den magiske 2.40-grensa
5. Nils Ipsen, BUL (svensk
utøvar). 2.40.21
6. Anstein Skjørstad,
Undheim IL, 2.42.59.
Beste herreløpar uansett
klasse vart Anders Nøstdahl Gløersen (med mor frå Ålesund om vi ikkje tek mykje
feil), Rustad IL, 2.27.24
Beste kvinne vart Monica
Ragnvaldsen, IL Try, 3.06.19.
Vi håper på ein rapport
frå rekord-løpet, så følg med på sida vår!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024