Over vørterøla: Sula-mann i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2020
Ola Åge Nesheim er
tvillingbroren til May Evy. Han voks opp på «herlege Sula», som han sjølv
uttrykkjer det. I 1999 flytta han til Oslo, og har vore der sidan, minus kring
fire år i København. Salsjobben i Simens fører i periodar med seg mykje reising.
Fritida til Ola Åge går med til trening,
dottera Tiril (18) og styrearbeid i sameiget han bur i. Der sit han som
styreleiar. Elles har han så smått byrja spele frisbee-golf, eller kasteplate
som det heiter på godt norsk. Dette er sulalendingane sin nasjonalsport, med
fleire utøvarar i nasjonal toppklasse. Ola Åge syslar med tankar om å flytte heim
til Sula. Han saknar tare, tindar, familie og meir fred og ro mellom likesinna.
Æra for at Ola Åge kom med
i Velledalen IL, må vi overføre til andre. Truleg mest til May Evy og Frode
Mauren. På den korte tida han har hatt mellom oss, har han vist seg som ein
solid løpar. Han imponerte mellom anna under Stranda Fjord Trail Race i 2019,
eit tøft løp på 25 km, der ein måtte meistre ulike terreng-typar. Han kosa seg
under VIL sin Idrettsgalla i ungdomshuset Vårvon då han var der, og vi kan
trygt slå fast at han er ein triveleg kar vi meir enn gjerne vil ha samkven med
om han skulle flytte heim att til Sula.
Og vert han buande i Oslo,
kan vi varmt reklamere for Osloavdelinga vår. Dei har plass til fleire.
Ola
Åge
Likar du vørterøl?
Ja, det må eg seie eg gjer.
Men kan vel ikkje seie at eg drikk det kvar dag. Blir meir når eg skal
nyte noko, at ei sånn lita brun ei blir «jekka». Favorittdrikke må vere
Cola. Kan ikkje ha ei veke utan bra påfyll av den sorten. Tek gjerne ei
Guinness eller to når eg er ekstra tørst.
Kva er
favorittretten din?
Det må nesten
vere potetball, eller raspeball som nokon vel å kalle det.
Sjølve ballen
er ingen «höydare», men med alt tilbehør så blir det reine festmiddagen!
Siste åra så
har lutefisk òg krype godt oppover topp-10 lista.
Sidan eg
slutta å ete sjokolade og potetgull for over ti år sida så er det smågodt som
gjeld. Og nachochips til taco’en. Resten må eg ligge unna. Klara ikkje å stoppe
viss eg først kjem i gong.
Fortel kort om
idrettskarriera di.
Ikkje mykje å
slå i bordet med her. Kan vel nevne nokon år med fotball for først Solevåg IL,
deretter MSIL som det blei kalt etter ei viss samanslåing, der eg spelte
stoppar. Trur no eg gjorde ein grei figur der. Lang og hengslete. Sikkert ei
pest og plage med beina for mang ein spiss. Elles fint lite organisert idrett. Spelte
ei lengre periode mykje basket og squash, men meir på (seriøs) hobbyplan. Det
er først dei seinare år lysta til å drive fysisk fostring har kome for alvor,
då løping både flatt og motbakke og ein del sykling. Bur i Oslo så veldig mykje
sykling i Nordmarka spesielt.
Korleis og kvifor
medlem i Velledalen IL?
Vart vel
medlem i 2018 trur eg. Det var mi tvillingsøster May som meinte det kunne vere
smart. Og ein skal alltid lytte til ei tvillingsøster
. Eg har
alltid hatt
lyst å vere del av eit idrettslag, men aldri heilt funne det rette. Sidan både
May og løpsfantomet hr. Mauren var medlemmar, og skraut uhemma av miljøet, så
tenkte eg det her kunne ikkje bli feil - og eg må seie VIL er ein knakandes fin
klubb med steike fine folk.
Når var du sist på
ein VIL-trimpost?
Har vel aldri
vore på ein. Eller...? Kanskje saman med May. Usikker. Har VIL trimpostar i
Oslo området? Kanskje eg og Anders (Wigdahl) burde starte opp noko i Oslo/Marka
?
Sportsleg mål for
det neste året?
Sportsleg så
var det både Viking Challenge (Gaustatoppen Opp, 12km), Nibbeløpet, SFTR 48 km,
Lillomarka Rundt 50km, Romeriksåsen på langs (50km) og Helterittet (100km).
Siste er
sykkelritt i Rjukan. Prøvd ein gong før. Steike artig. Pga. Corona er det meste
gått ad skogen, men kan hende eg tek Birken løpet. Sykla Briken 3x, men aldri
løpt. (Også avlyst journ. anm.) Evt. Ecotrail 50km. Lyst å gjennomføre 80km,
men eit slit med dei siste 20km på asfalt! I desse Corona tidene så må det
andre målet vere ganske enkelt: halde seg frisk og rask, og helst behalde
jobben.
Favorittmusikk?
Altetande så
lenge eg slepp jazz. Det blir berre for sært for meg. Du finn meg mao. aldri
framst i køa når billettane til Molde Jazz blir lagt ut. Feil musikk. Feil by. Høyrer
sjeldan på musikk når eg trenar, kun evt. på styrkerommet. Blir mest musikk på
jobben når kollegaene blir engasjerte og døveklokkene (headset) må på. Eg hiv
gjerne på litt «piggtråd» musikk (metall og hardrock) framfor listepop jalla.
Viss eg absolutt må velje.
Kva likar du å sjå
på fjernsyn?
Ser vel ikkje
så mykje fjernsyn. Der er ikkje tid til overs når ein skal både jobbe og vere
aktiv i VIL-trøya. Skal no ein glane litt på flimmerkassa så må det helst bli
vaksen som born; seriar. Friends går aldri av moten. Akkurat no er Jordan sin
dokumentar på Netflix eit «møst». Gir nesten tårar i augekroken av å huske
tilbake til Bulls si storhetstid 91-98. Eg såg no ein del av dei kampane. Og
skulle nokon trenge eit tips til ein knakande god serie så anbefalast Ozark på
Netflix, og få no for guds skyld med Papirhuset i same slengen. Siste på spansk.
Skjønna ikkje eit kløyva ord, men språket er berre heilt fantastisk å høyre på
saman med eit fantastisk manus!
Kor likar du best
å feriere?
Norge må vere
favoritten for ferie. Derfor nesten litt flaut å måtte seie at det er mange år
sia eg ferierte i Norge. Eg var vel til Nordkapp i nitten-pil-og-bue sist gong
det var ein lengre Norges ferie. Likar å besøke litt sånn mindre turistfeller
skal ein utanlands. Ikkje noko er betre å sjå enn hest og kjerre i eine fila på
motorvegen utanfor Tirana, eller ein Lada som brukar stein som handbrekk når
parkert i ein oppoverbakke i Tiblisi. Blir derfor dessverre mykje hotell
og lite teltkos på turane. Heldigvis prioriterar eg tre-fire veker heime på
Sunnmøre kvart år - sommar, jul, påske og vinter/haustferie. Viktig å få rein
luft ned i lungane, og kome heim til frisk tare og god utsikt frå tindane. Får
ingen av dei delane i Tigerstaden.
Har du eit
treningstips å dele med lesarane?
Kan eg aldri
tenke meg... Skal eg likevel seie noko som passar meg bra så er det variert
trening. Unngår mykje lettare (belastning)skadar og gir meir motivasjon. I
vertfall for meg som blir hinsides fort lei av repeterande øvelsar og
aktivitet. Så har eg funnet ut eg òg (som alle andre som runda 40+) at lang nok
restitusjon er like viktig som å banke på i neste økt.
Sikkert ein
grunn til at Petter Northug stort sett levde eit dønn kjedeleg liv med ete,
drite, spele Nintendo og sòve 13-14t per dag i dei lengste treningsperiodene.
Trur han hadde skjønt kva som lønte seg. Kvile seg
i toppform!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024