34.03 og 3.plass for Constantin på Eidemila i Tromsø

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2020

Velledalen IL har ei
Tromsø-avdeling på gang, kan det vere grunn til å tru. Då tenkjer vi på
Constantin som det sportslege midtpunktet, med Hilde Riksheim Tandstad og siste
tilskot, Sofie Skylstad Hole, som øvrige medlemar.

Constantin leverte i dag,
30.august, eit nytt sterkt løp under Eidemila, med flott 3.plass som resultat.
Her er namna på dei seks beste i herreklassa:

1. Erik Lomås, Salangen
IL, 30.11

2.Kim Roger Trølte, IK
Hind, 33.39

3. Constantin Rust,
Velledalen IL, 34.03

4. Finn Dag Hovem, Tromsø
løpeklubb, 34.14

5. Truls Torblå, IK Hind,
35.05

6. Mats Pedersen, Team
Pigg, 35.13

Tre beste kvinner:

1. Linn Viksund, TSI
Langrenn, 38.39

2. Mari Kristensen,
TOMASJORD, 39.53

3. Ina Høiland, Tromsø
Løpeklubb 42.22

32 kvinner og 92 menn
fullførte løpet

Mellom dei påmelde som
ikkje starta var far Håkon Melseth og dotter Erle Nymo Melseth frå Målselv IL.
   Begge har delteke i Konradløpet, Håkon til og
med vunne, og med masse slekt i Sykkylven (Håkon er son til Frank Melseth).