Lars Even, Alastair og Pernille deltok i IL Veten-KM
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2020
Arkivfoto
Laurdag stod
mellomdistanse på programmet. VIL-løparane kan ikkje vinne KM i Sogn og
Fjordane sitt krinsmeisterskap, men vert sett på som «gjesteløparar». Gute-løparane
våre, Mikkel, Tobias og Johan, fullførte denne gongen heilt utan vaksenhjelp.
Suverent!
Lars Even og Pernille
sprang i klasse AL-open. Her var Pernille nær å ta skalpen til Christer Jensen
frå Emblem IL, men enda 24 sekund bak. Resultat frå klassa:
1. Christer Jensen, Emblem
IL, 40.51
2. Pernille Ibsen Lervåg,
Velledalen IL, 41.15
3. Lars Even Hatlemark,
Velledalen IL, 1.03.26.
Dagen etter var det
langdistanse som stod på programmet. Gutane fekk som dagen før ikkje oppgitt
tider. Lars Even var denne dagen åleine i klasse AL-open, og kom seg gjennom
løypa til siger. Alastair Brunton representerte laget vårt i klasse H19.
Diverre missa han på ein post og vart diskvalifisert. Pernille starta i klasse
AK-open, ei klasse med tre deltakarar. Det gjekk slik:
1. Pernille Ibsen Lervåg,
Velledalen IL, 51.52
2. Yngve Årdal, Førde IL,
58.19
3. Kristin Heimlid
Øiestad, IL Veten, 1.02.34
Så er det berre å krysse
fingrar for samling og løp i Sykkylven fyrste helga i september, noko nettsida
kjem tilbake til.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024