May Evy Nesheim beste kvinne opp Østremsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2020

May Evy Nesheim vann ikkje
berre klasse K 45-49, ho vart også best av samtlege kvinner med tida 31.55. Her
er namna på dei fire raskaste kvinnene i løpet:

1. May Evy Nesheim,
Velledalen IL, 31.55

2. Linn Hamnøy, Ålesund,
33.29

3. Anita Skinnes, Ålesund,
33.47

4. Tine Kopperstad,
Ålesund, 34.37

Resultatlista viser at
Frode Mauren duellerte tett med Gunnar Karl Emblem om sigeren i klasse M 45-49.
Som vanleg hadde Frode litt på lur til innspurten og avgjorde der. Ein flott
triumf, der det skilde ganske lite mellom dei beste.

1. Frode Mauren,
Velledalen IL, 27.34

2. Gunnar Karl Emblem,
Hakallestranda Kondisjonslag, 27.46

3. Are Uran, IL Havørn, 27.55

4. Endre Klokk, Ålesund, 28.13

Velledalen IL sin tredje utøvar var Sivert Mosby Nakken i klasse M
16-17.
 Sivert leverte nok ein god
prestasjon og kom inn til tida 30.18. Det heldt til 2.plass bak Simon
Myklebust, Emblem IL (28

.23).

Østremsætra opp samla 54
påmelde løparar i ruskevêret. Her er namna på dei tre raskaste uansett klasse:

1. Lars Åkernes Rimereit,
Eidsdal IL, 23.52

2. Asgeir Bakken Rognstad,
Emblem IL, 24.50

3. Mattis Dahlberg, Emblem
IL, 25.47