Over vørterøla: Jorunn Kvalsund Jarnes
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2020
NAMN: Jorunn Kvalsund
Jarnes
ALDER: Klasse 45-49 år
BUSTAD: Jarnes i Sykkylven
YRKE: Sals-koordinator hos
Ekornes Contract
Jorunn er Herøy-taus.
Nærare bestemt frå Kvalsund på Nerlandsøya. Til Sykkylven kom ho i 1996, då ho
fekk seg jobb på ordrekontoret hos Ekornes. Sidan då har ho hatt arbeid på
sørsida av Sykkylvsfjorden, men for sju år sidan skifta ho til Ekornes
Contract, der ho jobbar som sals-koordinator.
I Sykkylven fann ho kjærleiken i Webjørn
Jarnes. Saman har dei tre tenåringsborn, ei jente og to gutar. Av hobbyar
nemner Jorunn: lese, bake, reise og turgåing.
På hennar «eldre dagar»
har turgåinga delvis gått over til jogg. Ho har utfordra eiga yteevne gjennom
store konkurransar både i inn- og utland. Ho har kasta seg med i karusell-løp i
Ålesund over korte distansar, og ho har både sprunge og gått Konradløpet
i Velledalen. Jorunn er ei av dei som
tydelegvis har skjøna to av Konradløpet sine motto: «farta er ikkje det
viktigaste» og «helse i kvar meter». Saman med veninna Anja kasta ho sist år
glans over VIL sitt lågterskeltilbod 2.juledag, Romjulsmarsjen, på ein positiv
måte.
I Velledalen IL kjenner vi
Jorunn som ei blid, positiv og triveleg kvinne. Vi er både glade og stolte over
å ha henne i rekkjene våre. Vårt største håp og ynskje er at det helsemessige
skal ordne seg på beste måte, slik at ho igjen kan ta del på fellestreningane til
Alf Petter.
For eigentleg, så er det
løpar du er, Jorunn!
Jorunn
NB: Intervjuet var gjort i mai.
Likar du vørterøl?
Må medgi at eg ikkje har
smakt vørterøl... Favorittdrikke er nok ekte cola, men vatn og iskald mjølk er
også blant favorittane.
Kva er favorittretten din?
Eg er kjempekresen, så
ein vanskelig gjest å be på middag. Likar godt det tradisjonelle som potetball
med godt tilbehør og fiskebollar i kvit saus. Men også heimelaga pizza og taco.
Fortel kort om idrettskarriera di.
Eg har aldri vore med på
organisert idrett, verken som born eller ungdom, det var korps som gjaldt på mi
tid. Men i 2017 så meldte mannen min oss på Paris Halvmaraton i 2018, så då var
det berre å sette i gong å trene. Vi begynte i det små, og den 4 mars i 2018
sprang vi ilag med 45 000 andre i Paris, tida vart 2.31:58, og eg er stolt
som berre det. Etter det fant eg tonen med mi no faste gode løpevenninde Anja
Skram Eikrem, og i 2019 sprang vi Sentrumsløpet i Oslo – vi kom i mål på same
tid 1:00:39. Vi må medgi dei 39 sekunda var veldig ergelige… målet var å kome
under timen. Så har eg og Anja sprunge Jentebølgen, Rosa Sløyfe Løpet og vore
med på Ålesundkarussellen. I september 2019 sprang eg Oslo Halvmaraton, målet
var å gjennomføre og kome under 2:30. Men det var veldig varmt den dagen, og med
lite mat og drikke innabords begynte eg løpet og etter 5 kilometer begynte eg å
kaste opp, og gjorde det resten av løpet. Men med hjelp av Webjørn kom eg meg
gjennom løpet og tida vart på 2:45:39.
Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?
Eg såg på nettet at der
var løpetreningar der framme, og hadde så lyst å vere med, men synest det var
veldig skummelt. Veldig mykje spreke folk der framme… Men eg tok mot til meg og
vart med – og det har eg ikkje angra på ein dag! Det er ein kjempefin
gjeng, her blir ALLE heia på enten du spring fremst eller bakerst som meg.
Når var du sist på ein VIL-trimpost?
Eg gikk på Koppen no i
mai for første gong, og kanskje siste. Det var veldig bratt – men
ufattelig fin utsikt når ein var oppe. Så det var verdt turen.
Sportsleg mål for det neste året?
Eg er på leiting etter
løpegleda. Mista piffen etter halvmaraton i Oslo, og i februar fikk eg ei
kreftdiagnose som eg no er under behandling for. Men forma blir bedre dag for
dag, og målet er å kome tilbake til «gode gamle Jorunn». Så målet må vere
å bli med på eit halvmaraton igjen, og kanskje kome meg under 2:30.
Favorittmusikk?
Det er stort spenn,
Carola er nok favoritten, men country, klassisk og pop er også å finne på
spotifylista mi.
Kva likar du å sjå på fjernsyn?
Akkurat no er eg hekta på
serien som går på NRK «Et sted å høre til», den passar til alle. Så må eg medgi
at eg er likar godt TLC-kanalen og mykje av reality som går der.
Kor likar du best å feriere?
Eg trivest i storbyar,
men med 3 ungar i hus så har det blitt mykje Spania og bading siste åra. I
fjor prøvde vi cruise i Middelhavet og det var fantastisk. Gjer det gjerne
igjen.
Har du eit treningstips å dele med
lesarane?
Eg har ikkje eit direkte treningstips,
men eg vil sitere Lars Zachariassen som er fysioterapeut og bloggar:
En løper får ikke tittelen sin basert på distanse eller fart, men
grunnet valg av aktivitet. Løper du, ja – så er du en løper. Uansett fart!
Slutt å tro at det kun er normalvektige eller tynne som løper.
Slutt å tro at det kun er de med fancy utstyr og riktige sko som
løper.
Slutt å tro at det kun er de under 60 år som løper.
Slutt å tro at det kun er de som er i god form som løper.
Slutt!
Vil du vere en løper? Løp!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024