Andreas stabil om lag midt på 1.40-talet

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2020

foto: Frode Mauren
Andreas Mosby Nakken har
så vidt passert 17 år, men er alt ein røynd langløpar. Etter kvart ganske så
stabil midt på 1.40-talet på halvmaraton. Denne gongen noterte han 1.46.27, eit
par minutt bak personleg rekord.

 I løp
som dette vert Andreas plassert i den store klassa 17-34 år. Ganske brutalt for
ein 17-åring, som må ta kvart løp som eit lite steg i eiga læring.

  
   Truleg
vil Nakken-tvillingane kunne bli stabile rundt 1.40-talet om eit års tid, om
dei held fram med god trening. Erfaring er ein viktig faktor i lange løp – der det
er lov å prøve seg litt fram….. og å feile.