Knallsterkt fjell-løp av Constantin i Tromsø
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2020
Arkivfoto
Denne helga har det vore fjell-løp
over lange distansar i Tromsø. Vår mann, Constantin Rust, deltok i løpet over
25 kilometer. Det gjorde han på ein særdeles god måte, då Constantin vart
nummer tre av 161 fullførande. Det vitnar om kvalitet.
Vi nemner også Håkon
Melseth. Med opphav frå Sykkylven og tidlegare kjend med topp-plasseringar
mellom anna i Konradløpet. Håkon vart nummer tolv i Tromsø.
Her er namna på dei beste
i Tromsø Mountain Ultra, 25 km:
1. Stian Dahl Sommerseth,
Tromsø Løpeklubb, 1.45.15
2. Robin Amundsen, Narvik
IL, 1.59.46
3. Constantin Rust,
Velledalen IL, 2.01.34
4. Marco Anelli, Ascis
Frontrunner, 2.02.22
5. Sebastian Marker,
Skanska Aktiv, 2.04.17
6. Kent Hugo Norheim, Team
Pigg, 2.04.46
12. Håkon Melseth,
Målselv, 2.18.06
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024