12x400 meter som sjølvmedisinering for FF-teamet
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Aug 2020
I går kveld tikka det
nemleg inn ein e-post:
FF-temet hadde 12x400meter
intervall i Straumgjerde i dag, stod det. Eitt minutt pause mellom kvart drag,
og tre minutt pause mellom kvart fjerde drag. Sivert og Andreas med etternamn
Mosby Nakken, drog på dei to F-ane vert det meldt. Og F-ane det er Fridtjof
Fredriksen og Frode Hoprekstad. Begge modne menn i 50-åra.
Teamet hadde hjelp av
Svein Arne Nakken til å halde styring på treningsøkta. Stødige menn som kan
styre klokka skal aldri undervurderast. Og med Svein i aksjon veit alle at det
ikkje vert nokon slinger i valsen.
PS. Om nokon lurer på
korleis ein akilles-svak Svein tok seg frå start –til målpunktet, kan vi røpe
at han nytta moped.