I dag minnast vi ein sann venn av Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2020
Etternamnet røpar at
Harald hadde opphavet sitt frå indre fjorstrok. I unge år var han ein særdeles
dugande friidrettsutøvar og fotballspelar. Men i linene som fylgjer skal vi
minnast han som Konradløpar, med Langevåg som utgangspunkt og bustad.
I 2008 kom ein ny mann
fram på scena i grendahuset, då utøvarar 80 år og eldre skulle presenterast.
Han gjekk i sitt 81.år og hadde debutert på tida (som ikkje er det viktigaste i
Konradløpet) 29.47. Harald kom att i ti strake år – i 2009, 2010, 2011, 2012,
2013, 2014, 2015, 2016 og 2017. Endå han langt frå var den som kom lettast til
løpsstaden, det skal seiast.
Skulle Harald nå løpet,
måtte han ta ferje som gjekk klokka 03.20 frå Magerholm. Og det gjorde han
kvart einaste år, mellom 80 og 90 år. FRIKST! Med andre ord; lite søvn natta
før løpet. Nest siste året han deltok, i 2016, minnest eg han som den fyrste eg
møtte då eg kom til Brunstad, 1.mai om lag klokka 04.10.
-
Sjå her, eg har
kjøpt meg nye sko og lette løps-klede. Forma er god, så er trur eg kan klare ei
god tid i dag, stråla ein livsglad 88-åring mot meg.
Han greidde ikkje
bestetida si det året, men gjorde som alltid ein fin figur. Bestetida til
Harald gjorde han som 82-åring i 2010. Den lyder på 28.35.
I 2017 var Harald som
vanleg på plass, i det som skulle bli hans siste Konradløp. Hans 10.løp og ti
års premie. Då mangla han fire månader og fem dagar på å vere 90 år. Berre
Tomas Tandstad og Kjellaug Ulset har delteke i høgare alder.
Harald Olav Relling prisa
Konradløpet mang ein gong. Alltid takksam og blid, auste han ros over tiltaket
og arrangørstaben. Vi kan ikkje anna gjere enn å slå fast at
ein av Konradløpet sine beste menn i har gått bort. Ti strake startar frå
2008-2017 (frå 80-90 år) med bustad Langevåg er rett og slett STORT!
Takk Harald Relling for glansen
du kasta over arrangementet desse åra!
Atle
PS. Gravferd frå Langevåg
kyrkje fredag 28.augsut klokka 10.00
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024