Kring 45 dagar att av noverande trimpost-sesong
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2020
Meldaren vår er fortvila.
Og med god grunn. På grunn av manglande bokføring. Ordninga har alltid vore
slik at personen som skriv seg inn på posten skal setje talet på turar
vedkomande har bak namnet sitt. Har ein få turar, og er langt utanfor all «kamp»
om trimpostsiger eller ei topp-10 plassering, er sjølvsagt dette ikkje så
viktig.
Men det pussige er, dette
fungerer på alle postar bortsett frå på Bruna trimpost. Dette gjer meldaren vår
der djupt og inderleg fortvila:
-
Tenk på
vedkomande som skal nøste opp i dette. Det burde ikkje vere så vanskeleg – å plusse
på med 1 tur for kvar gong. 1.klasse pensum i folkeskulen. Ein kan faktisk få
kjensla av at dei trottigaste skjemst, og rett og slett kvir seg for å skrive
talet turar bak namnet sitt. Det burde vere omvendt. Faktisk er det eit
privilegium å vere i stand til å legge bak seg mange turar. Tenk på alle som
sit inne og ikkje kjem seg ut, same kor gjerne dei ville…..
Etter eit lengre
feltarbeid kan VIL-meldaren gi fylgjande topp-3 stilling:
575 turar: Jan Kåre
Oterhals
496 turar: Inger Riksheim
272 turar: Ingunn Hole
Hunnes
Vi vil i tida framover kom
med topp-5 stillinga på dei ulike postane. Innspurten er i gang. På ein sesong
som truleg slår alle rekordar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024