Camp Velledalen 2020: Varierande vêr og frammøte
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2020
Dei to opp-startarane av
Camp Velledalen, Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole, var med på alt under den
andre utgåva – eit lågterskel aktivitetstilbod for folk i alle aldrar. Såleis
burde dei ha det beste utgangspunkt for ei oppsummering av Camp Velledalen 2020.
Begge er samde om
fylgjande:
-
Det har vore både
oppturar og nedturar. På same måten som med vêret, som har vore svært
varierande.
Ta det positive fyrst då:
-
Ja, då kan vi
starte med siste post, lagkonkurransen i straffespark med god deltaking i
forferdeleg vêr. I same kategori kjem turen til Sætretindane med Henning
Tandstad som turleiar, Quizen på Fjøla, sirkeltreninga med Bjørg Frøystad Hole
og naturstien med Ann-Helen Hole som primus motor.
Har vi noko vi kan kalle «midt
på treet-arrangement»
-
Ja, der kan vi
nemne dei typisk sportslege arrangementa som 3000 meter test på Ikornnes, Strandafjellet
Opp med start på Lade og intervall-trening i Vellesætervegen. Ganske tøffe
fysiske prøver som samla kring 30 personar til saman. Ikkje stort betre å vente
i ferietida.
Dei største vonbrota:
-
Tur er
vêravhengig. Det visste vi frå før, og fekk det stadfesta igjen. Men det er
svakt når berre ein person utanom arrangørane går til Regndalen i bra vêr. Meir
forståeleg at berre turleiarane (Ove og Henning) gjekk til Urfjellet i heller
dårleg vêr. Vidare var det tillyst orientering med base på Myrdalsstølen. Det
var dårleg vêr på dagtid, men opphaldsvêr heile tida o-løpet var tillyst. Vi
var dei einaste to som møtte. Trist for representantar for o-gruppa som hadde
brukt mykje tid på kartførebuingar, utsetting av tre løyper, inkludert
Råtassløype for dei minste borna. Så venta dei i to timar på at folk skulle
kome, noko dei ikkje gjorde, før dei kunne rydde saman «heile stasen». Truleg
etter minst ti timar tidsbruk totalt.
-
Vi kan heller
ikkje la vere å nemne at vi stiller oss svært undrande til kvifor
velledalingane og straumgjerdingane så å seie
var totalt fråverande under Emma Holmberg sitt glitrande opningsføredrag på
Fjøla. Her gjekk dei verkeleg glipp av å høyre ei ung kvinne
-
langt på utsida av vanleg A4-standard. Oslofolk
som høyrde henne var over-begeistra.
Ellen Marie Hole og Anders
Wigdahl lovar ingenting med tanke på neste år. Frå basen sin på Røa i Oslo vil
dei bruke dei næraste dagane til å evaluere opplevingane frå Camp Velledalen
2020.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024