«Skogsvegen Fet» best i straffespark på Dalemyra
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2020
Lagkonkurransen i straffespark under Camp Velledalen sin siste dag vart
ein suksess.
At seks lag møtte – og fullførte
– i verste regnvêret for heile sommaren, var ein flott prestasjon. Laga måtte
ha spelarar av begge kjønn, skulle skyte fem straffespark i kvar match og ha
eigen målmann. Fleire born tok del i opplegget. Yngste deltakar var under 10
år, eldste 69. Her trong ein slett ikkje vere ekspert eller ha siste mote i fotballsko
for deltaking. Med finevêr ved neste korsveg trur VIL-Nett dette vil bli ei
massemønstring.
Laga viste seg å vere
ganske så jambyrdige. Marginane var små etter fem skot. Lite skilde også i
finalen der «Skogsvegen Fet» fekk æra av å senke sjølvaste «Liverpool». Team
Skylstad var nær 3.plassen, men eit lag med sympatisørar av Svartevatnet vart
ørlite for sterke.
Mellom slaga kunne ein
varme seg på godbitar frå stadionkiosken
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024