Birkebeinerløpet vert arrangert 5. september
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2020

Birkebeinerløpet (21 km)
vert arrangert laurdag 5.september. Ein gjennomgang av startlistene viser at
Velledalen IL har tre påmelde utøvarar. To av desse er å finne i klasse M 30,
med start klokka 11.05. Namna er Fredrik Ødegård Nilsen og Anders Eidberg.
I tillegg har vi med rutinerte Roger
Malvin Hole i klasse M 50. Han legg av garde klokka 09.50, med klare ambisjonar
om å greie merkekravet i klassa.
Velledalen IL ynskjer
trioen lukke til under løpet, som altså vert arrangert om ein liten månad!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024