Siste løpet i Sommarkarusellen komande onsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2020

Ålesund Sommarkarusell tel
i alt tre løp. Det siste går onsdag 12.august. For å bli premiert (eit krus) må
ein ha delteke i alle løpa. Frå vårt lag har desse utøvarane to løp:

May Evy Nesheim

Frode Mauren

Vegard Tandstad

Andre sykkylvingar som blir premierte om dei stiller onsdag er Fridtjof
Fredriksen, Evy Ann Ekornes og Irene Mork.

Som vanleg er det valfri distanse, fem eller ti kilometer.
   Løparane vert delte i to startar, klokka 18.00
og 18.05.

Laurdag morgon var 19
løparar påmelde. Mellom desse Frode Hoprekstad som gjer debutløpet for
Velledalen IL over 10 kilometer i klasse 50-54 år. Truleg vil løpet samle ein
stad mellom 70-100 deltakarar, og ein fyldig tropp frå Velledalen IL.