Per Inge best opp fjellet

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Aug 2020

Fellestart ved det som
tidlegare var Lade Møbelfabrikk, under nær ideelle forhold for ei slik
utfordring; opphaldsvêr, lite eller ingen vind og ikkje spesielt varmt.

Det danna seg ganske snøgt
fire grupper. Per Inge Bjørnestad og Anders Wigdahl stod raskt fram som dei
sterkaste i feltet. Bak dei kjempa Sivert og Andreas Mosby Nakken om 3.plassen.
I gruppe tre heldt Fridtjof Fredriksen (til fots) og Svein Arne Nakken (på
rulleski) fylgje det meste av vegen. I gruppe fire måtte einaste kvinne i
løpet, Ellen Marie Hole, klare seg åleine.

Utøvarane kryssa mållina
ved Svartevatnet på desse tidene:

27.02: Per Inge Bjørnestad

27.08: Anders Wigdahl

30.34: Sivert Mosby Nakken

30.36: Andreas Mosby
Nakken

31.56: Svein Arne Nakken
(rulleski)

32.38: Fridtjof Fredriksen

34.56: Ellen Marie Hole

Om nokon har lyst, men
ikkje hadde anledning den aktuelle dagen, så ligg strekninga der for alle som
vil prøve. Sant nok er det 5,53 tøffe kilometer, men ikkje verre enn at dei
fleste kan greie det – og det er lov å gå!