80 fullførande i Jordbærdilten i Valldal

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2020

Valldalingane er flinkast
i klassa i desse corona-tider. Valldal IL har fått avvikla både Mefjellet Opp
og Jordbærdilten. Sistnemnde løp gjekk laurdag 25.juli. I høve til eit normalår
var

 barneløpet «skrella» bort, og
starten i hovudløpet gjekk i puljer. Dessutan var start og mål (og dermed
løypa) endra, for å gi meir avstand mellom utøvarane. Men løypa var framleis
3,2 km – som i eit normalår.

I alt 80 løparar kom til
mål i desse klassene:

13 utøvarar i klasse
jenter 15 år og yngre

16 utøvarar i klasse gutar
15 år og yngre

18 utøvarar i kvinner (16
år og eldre)

33 utøvarar i menn (16 år
og eldre).

Nivået var særs høgt.
Faktisk må løpa til vinnarane i jente- og guteklassa omtalast som glitrande:
Her er vinnarane:

Jenter: Ingeborg Synstnes
Hole, Åndalsnes IF, 11.10

Gutar: Laurits Linge
Glomnes, Valldal IL, 11.09

Kvinner: Ida Waldal,
Hommelvik IL, 11.52

Menn: Iver Matias Linge
Glomnes, Strindheim IL, 10.00

Våre tre i herreklassa
gjorde alle ein fin figur. Dei plasserte seg trygt på lista etter alder, med
den yngste som den beste, naturleg nok. Tidene vart slik:

Vegard Riksheim Tandstad:
12.03 – framgangen held fram for Vegard.

Frode Mauren 12.13 – to sekund
raskare enn sist han sprang Jordbærdilten.

Roger Vanebo 13.32 – kvass
tid av ein utøvar i klasse 55-59 år.

Og vi gratulerer Roger med
at han greidde halde dottera, Andrea, bak seg i dette løpet. Ho kom inn på fine
13.55 i kvinneklassa. Dette seier oss at:

 -
   

 Du kan ikkje
kvile særleg lenge på laurbæra Roger, om du vil halde unna i 2021!

Men det er verdt eit
forsøk!