Eks VIL-utøvar fyller 90 år.
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2020
Arkivfoto
Torleiv Hole kom til verda 19.juli 1930, og voks opp i Knutgarden på Hole
i Velledalen. Mange gutar fødde denne tida, eller nokre år tidlegare, fatta
interesse for idrett.
På grunn av
2.verdkrig, fekk ikkje desse boltre seg skikkeleg før frå 1946 og utover.
Torleiv markerte seg både
som skiløpar og friidrettsmann. Som junior var det på mellomdistansar han
gjorde det best. Stabil på 800 meter kring 2.10 og kring 4.30 på 1500 meter.
Under baneopninga på Aksla stadion i 1949 sprang han 3000 meter på 10.01,
hårfint bak vinnaren Johan Strøm frå IL Ringen. Elles var eitt år eldre Paul
Hole ein hard konkurrent. Som skiløpar nemner vi at han gjekk på
Velledalen IL sitt stafettlag som vart nummer to under KM (4x10 km) i 1951. Han meistra også terrengløp godt. Her er
resultata frå KM i terrengløp for junior frå 1949 i Volda:
1. P.J. Grønnimgsæter, Norddal IL, 17.09
2. Martin Lindseth,
Rollon, 18.10
3. Torleiv Hole,
Velledalen IL, 18.22
4. Trygve Rørstad, Aksla,
18.30
5. Karsten Skår, Langevåg
IL, 19.05
6. Dagfinn Nupen, Ørsta IL
7. Johannes Samuelsen,
Volda, 21.28.
I vaksen alder budde
Torleiv med familie ei tid på Austlandet, men kom tilbake til Sunnmøre og slo
seg ned på Stranda. Dermed vart det Stranda IL, og spesielt skimiljøet der, som
naut godt av Torleiv sin kunnskap. Under skirenn på Stranda kunne han ha dei
fleste oppgåver. Alt frå premieutdelar til løypesjef. Truleg var han aller best
på noko av det viktigaste i langrennssporten; smørjing av ski.
Torleiv var slik at han
hjelpte ikkje berre sine eigne. Alt under langrenns-KM i 1967 smurde han ski
til velledalingar som vart KM-vinnarar. Og i 1974 hadde han saman med Karl B.
Lade ein gedigen smørjetriumf i Sunnylven. Under særs vanskelege forhold smurde
Torleiv og Karl Velledalen IL til siger i junior-klassa. Kring tre minutt føre
favoritten Ørsta IL.
I 1968 skulle det vere
stort områderenn i langrenn på
Stranda.
Dagen før inviterte Torleiv sin familie fleire Hole- og Brøvolls-gutar til Stranda.
Til overnatting, traktering med mat etter alle kunstens reglar og perfekte
smurde ski til rennet. Det var einaste gongen underteikna slo Bjørn Rune
Gjelsten i langrenn, om enn med knapp margin (eitt sekund). Slikt såg Torleiv
glede i, sjølv om helga heilt sikkert var knallhard for han.
Sjølv i moden alder trivst
Torleiv godt på VIL-arrangement. Han har vore fast deltakar på dei aller fleste
Romjulsmarsjar og kan skilte med eit fint knippe Konradløp. Jubilanten trivst
godt i Nord-Noreg, og har på sine eldre dagar veksla mellom gode dagar der og
på Stranda.
VIL-Nett gratulerer
Torleiv med dagen!
Atle
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024