O-gruppa jobbar knallhardt med kart

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2020

Alt dette står på
timeplanen samstundes i o-gruppa i Velledalen IL denne sommaren.

  

  -
   

 Sunnfjordingen Gunnar
Grytri styrer oppe i terrenget ved Sessvatnet med synfaring. Han har brukt om
lag to arbeids-veker på dette. Og då stå det att ei veke med digitalisering,
melder Pernille Ibsen Lervåg, leiar i o-gruppa.

Men
den aldri kvilande leiaren har meir å melde. Det vil også skje viktige
hendingar på andre o-frontar i Velledalen denne sommaren. Med Velledals-kartet
og Fjellsæter-kartet. Høyr kva Pernille har fått til:

Medan
Pernille med familie er på ferie, vil ein mann og ei kvinne flytte inn i huset
deira på Drabløs ei veke. Eit par som jobbar for O-Forbundet og klubbar med
synfaring og digitalisering, kjem altså til Velledalen 11.-17.juli for å hjelpe
Velledalen IL. Med å oppdatere Velledals-Kartet og utvide Fjellsæter-kartet.

 -
   

 Å utvide kartet
på fjellet er heilt nødvendig. Vi kan ikkje ha kretsløp der igjen, på det
kartet vi no har. Til det er det for lite og litt for oppbrukt.

I tillegg til dette jobbar
gruppa vidare med «skolegårdskart-prosjektet». I det prosjektet er Lars Even
Hatlemark, og til ein viss grad Per Magne Drotninghaug, engasjerte.

På latsida kan ingen
skulde dei for å liggje!