Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2020
I 2019 markerte Velledalen
IL seg sterkt under andre løpet av Ålesund Sommarkarusell då løpet gjekk inn i
camp Velledalen sitt opplegg. Både som breiddeklubb og med topp-utøvarar.
Dette året kjem camp Velledalen seinare
(fyrste veka i august), men vi vert nok bra representert i Ålesund 8.juli
likevel.
Sundag føremiddag stod 23
namn på lista, eit tal som vil auke vesentleg fram mot løpsdagen. Som vanleg er
distansen valfri, 5 eller 10 kilometer. Vi nemner at Jørn Strømmegjerde vert
debutant den 8.juli, og han fleskar like godt til med den lengste distansen.
Tøft gjort!
Startkontingenten for
løparar under 16 år er 75 kroner. For løparar 16 år og eldre er kontingenten
150.
Løparane som spring 10
kilometer har start 18.00, 5 km 18.05.
Ålesund Sommarkarusell tel
i alt tre løp. Alle som deltek i to løp eller meir, vert premierte.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024