Eit vakkert foto om gode rollemodellar!

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2020

Årets Tomasløp samla
fleire svært unge deltakarar. Yngst var Erling Johannes Tandstad (f. 2014), som
heile tida hadde faren, Jo Andre Tandstad, nær seg. Saman med Olaf Einar Øien (f.
1943) gjorde desse ein tidleg-start.

Tidleg-start er eit tilbod
til utøvarar som veit dei vil bruke vesentleg lenger tid enn snittløparen. Eit
tilbod som gjer at desse vil kome i mål saman med dei øvrige, og ikkje 15-25
minutt etterpå.

Denne gongen kom begge som
nytta seg av tidleg-start i mål på drygt 40 minutt.

Mot slutten av løpet ville
lagnaden at Erling Johannes vart passert av nest yngste gut, 11-åringen Steffen
Mork. Sjølvsagt akkurat der VIL-fotografen stod. Vi ser at 6-åringen Erling
Johannes på dette tidspunktet berre ser passeleg interessert ut. Og vi legg
merke til at Steffen sin far, Stian, også er med som oppsynsmann.

Hatten av for Jo Andre og Stian
i rollene som gode rollemodellar for sønene sine. Eit så tøft løp i så ung
alder vil bli hugsa. Med glede, vert det gjort på rette måten. Og tida som
fylgjesveinar bør nytast. Med 25.31 for Steffen seier det seg sjølv at Stian
snart kan vere hekta av. Men han var der, då dei sådde frøet – i fellesskap!