To skarpe VIL-familiar spring «Oppdal 2-dagers»

    Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2020

    Stormønstringa starta
    laurdag med Fredig som arrangør. Over 400 deltakarar med smått og stort, ungt
    og eldre.

    Våre løparar gjorde ein
    flott figur fyrste dag – i desse klassene:

    D 9-10 år: Sofie Fløttum
    Fauske

    H 9-10 år: Mikkel Ibsen
    Lervåg og Tobias Ibsen Lervåg

    N-open: Sigurd Fløttum
    Fauske

    N2-open: Johan Fløttum
    Fauske

    B-open 17-: Marianne Fløttum
    7.plass

    AK-open: Pernille Ibsen Lervåg
    2.plass

    Skygge: Øystein Fauske

    Sterk 2.plass til Pernille
    i AK-open. 24 startande i klassa med løypelengde på 3010 meter. Både menn og
    kvinner i same klasse. Pernille kom inn på 27.17, som beste kvinne. Nest beste
    kvinne vart Kristin Lundanes frå Emblem IL på 6.plass.

    Og det var gildt å sjå
    namnet til Marianne Fløttum (sjå foto) tilbake på ei resultatliste same morgon
    som Tomasløpet vert arrangert. Marianne har nemleg vunne kvinneklassa i
    motbakkeløpet i Straumgjerde. Og la vi også ta med at det var under eit Tomasløp
    Pernille vart «oppdaga»!

    Øystein Fauske sprang i
    noko som heiter «Skygge», noko Atle Jomar Hole ikkje veit kva er, men han lovar
    lære seg dette.

    Dei to familiane som var i
    aksjon har samla seks flotte born. Fem av desse var i aksjon og gjorde det
    storfint. Johan hadde til og med best tid i klasse N2-open,
       Tobias det same i klasse H 9-10. Her vert
    ikkje løparane rangerte, men vi nemner det likevel.