Tomasløpet vert arrangert i Straumgjerde 21.juni
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jun 2020
Arrangementet går etter
stort sett same lest som i 2019. Arrangøren håper at rett mange stiller i
trimklassa, utan tidtaking. Premie kan ein likevel vinne, då etter loddtrekning
mellom alle startande.
I 2019 samla arrangementet
to syklistar (Vivian Drege og Kjetil Fallingen) og 27 løparar på tid. Kjell
Magnar Berli vann løpet på ny løyperekord (17.23). Arrangørklubben markerte
styrke med seks mann inne mellom dei ti beste. Dei plasserte seg såleis:
1. Kjell Magnar Berli
3. Per Inge Bjørnestad
5. Frode Mauren
6. Espen Strøm Grebstad
8. Anders Wigdahl
10. Henning Tandstad
Elida Fuglem, Valldal IL,
vart beste jenteløpar, Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, beste kvinne.
Jakob Fet Vindenes, Aksla IL, vart beste guteløpar.
Vi kjem med meir
informasjon seinare. Men nemner at løparane startar frå Bunnpris klokka 13.00. Sykkelklassa
var ny i 2019. Den har fått fornya tillit. Arrangøren håper på minst ei dobling
av deltakartalet. Syklistane startar 13.20. Mosjonistane har meir fleksibel
start.
Premieutdeling vert som i
fjor - på Fjøla klokka 15.00.
Hald av sundag 21.juni til
Tomasløpet – målet er minst 100 personar på Bruna denne sundagen. Og fullt hus (corona-fullt)
på Fjøla under premieutdelinga!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024