Holetindane trimpost vil ha besøk
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2020
Nils Terje Skylstad, Velledalen IL sin statistikk-førar og oppsynsmann
på trimpostane, var innom Holetindane trimpost 2.pinsedag. Og han melder at
posten var smelta fram, slik at det no var problemfritt og signere i boka.
Han var heller ikkje åleine på toppen denne dagen.
Tidlegare VIL-leiar, Jan Lade (passert 75), var mellom dei som frekventerte
same stad. Sprekt!
Dermed vil vi tru at alle
VIL sine 14 trimpostar er klarert for resten av sesongen. Med slutt kring
haustferien (okt). Bokbytet då markerer ny sesong.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024