Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2020
Koldabakken Grand Prix er
kanskje nasjonens kortaste motbakkeløp. Kjell Magnar Berli sit på
herre-rekorden, Radka Vosika er raskaste av kvinnene opp bakken, som truleg er
maksimalt 300 meter lang. Likevel; det riv i lungene og verker i låra – det kan
vi garantere!
Friidrettsleiar, Alf
Petter Bøe, har fylgjande å melde:
-
Eg har sjekka med
dyre-eigaren som leiger beite i området at ingen beitedyr vert ute, så ingen
treng ottast i så måte.
Viktige fakta elles for
Koldabakken Grand Prix, 4.juni 2020:
PÅMELDING: Løpsdagen frå
klokka 18.00 på Hole (der asfaltert veg sluttar)
START: Fyrste start 19.00.
Intervall-start, 30 sekund mellom kvar løper.
STARTKONTINGENT:
50/100(familie) – mosjonsklasse gratis
PREMIERING: Ja
SERVERING: Usikkert
ARR: Velledalen IL -
friidrett
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024