Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2020

I 2019 gjorde vi ein stygg
glipp, då vi ikkje fekk med oss Radka Vosicka sin 40 års dag. Men i 2020 har vi
kontroll på Radka. Ho vart nemleg 41 år 29.mai – ein særdeles sprek, og
oppgåande 41-åring.

   Same dag hadde Kristoffer Selmer frå
Osloavdelinga fødselsdag. Ikkje jubileum, men han skal likevel få kake når han
kjem til Sunnmøre og mellom anna skal entre Holetindane i sommar.

   Og ikkje minst; rykta seier at Anita Mosby
Nakken også kom til verda 29.mai. Heller ikkje det jubileum, men Anita er ei
viktig brikke i VIL-miljøet

Nokon fleire ……? I så fall
tips oss.

Som avslutning tek vi med
at VIL-medlem gjennom mange år, Terje Aurdal, nådde milepælen 67 år onsdag
27.mai. Terje har vore føregangsmann i Sykkylven på fleire felt innan idretten.
Eksempelvis deltaking i stafettar til fots og lange skirenn i inn- og utland.

  Gratulerer med overstått
til alle fire!