ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2020
Over Vørterøla
BUSTAD: Fornebu
ALDER: 31
YRKE: Fysioterapeut, og
fysisk aktivitet- og helserådgivar i NIH
KLUBB: Velledalen IL
Svært få av VIL sine
utøvarar har vore fotballspelarar på toppnivå. Men Anette har, i klubbane
Kolbotn og Lyn. Ei alvorleg kneskade sette ein stoppar for fotballen (2015).
Men pågangsmotet var det ingen ting i vegen med. Ho bygde seg opp att gjennom
styrketrening og debuterte i greina OCR-løp hausten 2016. I løpet av 2017-
sesongen vart ho hekta, og resten av historia kjenner vi som les Velledalen IL
på nett og facebook. I 2019-sesongen fekk Anette tre pallplassar i store løp
(toughest-serien) og ei topp-10 plassering i lagkonkurransen i VM i London saman
med kjærasten Nikolai og Marcus Megrund.
Den sterke sesongen i 2019
gjorde at Anette vart kåra til «Årets Idrettskvinne» i Velledalen IL dette
året. For prestasjonane i OCR-løp og i flate løp som Fornebuløpet og i Ålesund
Sommarkarusell der ho vann 5 kilometeren.
Anette ville vore ein
brennheit pall-kandidat på kvinnesida i Konradløpet, men på grunn av covid-19 vart
det ikkje løp i 2020. Men Anette sprang løypa, og gjorde 17.50 under eit
sololøp 1.mai 2020. Berre Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (to gonger) og
Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, har straffa den tida. Men 17.50 som
Anette leverte, ville faktisk gitt pallplass i kvinneklassa alle år sidan
starten av løpet i 2002. Og det ville gitt siger alle år bortsett frå 2016,
2017 og 2018!
Anette Heimli Jokstad er
eit særs sterkt kort i Osloavdelinga vi er så stolte av. Det har ho mellom anna
vist med glimrande etappetider i Holmenkollstafetten (også avlyst i 2020). Held
jenta seg skadefri har Velledalen IL meir godt i vente frå den kanten.
Anette
Er Vørterøl favorittdrikken din?
Eg har to
reklameplakatar for vørterøl i leilegheita – men drikk helst vatn eller Solo
Super.
Kva er favorittretten din?
Har aldri vakse
frå heimelaga pølsepizza. Julemiddagen med pinnekjøt og raspeball står og høgt
på lista.
Fortel kort om idrettskarriera di.
Starta med
allidrett som born og var innom både ski, friidrett, handball og fotball.
Handball og fotball vart dei to store for meg, og etter kvar velde eg å satse
på fotballen. Starta i Grei og spelte etter kvart i Skjetten, Manglerud Star,
Kolbotn og Lyn. La opp i april 2015 grunna ei bruskskade i kneet og fekk
beskjed om at eg aldri kunne springe igjen. Etter eit år med mykje
styrketrening klarte eg likevel å fungere normalt igjen, og eg prøvde ei lite
OCR-løp hausten 2016. I 2017 vart det tre løp, og eg fall pladask for ein ny
sport. Sidan den gongen har eg og Nikolai trena spesifikt mot OCR og i 2018
starta elitesatsinga for fult. Det skal seiast at eg klarte å få fire brot i
foten etter eit uheldig møte med ei rampe, og at nesten heile sesongen gjekk i
vasken. Det positive frå denne perioden var all tida eg fekk til
overkroppstrening. 2019-sesongen vart ei gledeleg opptur og eg er veldig
motivert for å satse vidare.
Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?
Det starta med at
eg og Nikolai byrja å trene fast på Bislett med det som etterkvart skulle få
namnet «Osloavdelinga». Vi kjem ikkje frå Velledalen, så det var kjempehyggelig
at vi vart spurt om vi ville vere medlemmar. Klubben tok oss i mot med opne
armer, og det er ei ære å få vere med i Noregs hyggelegaste og mest
inkluderande klubb!
Når var du sist på ein VIL-trimpost?
Vi besøkte fleire
trimpostar under Camp Velledalen i 2019. (Journ. anm.: Anette var innom fleire
trimpostar også under eit besøk i mai 2020)
Sportsleg mål for det neste året?
Dette året er spesielt, og hovudmålet som var EM i Italia
vart naturlegvis avlyst. Håper det kjem nokre løp til hausten, der målet er å
klare betre plasseringar enn i fjor, både i norske og internasjonale løp. EM 2021
blir hovudmålet mitt på lengre sikt. Ny pers på 10 km vanlig løp kunne og vere
artig for 2020.
Favorittmusikk?
«Dansbar» musikk både til vanleg og til trening.
Kva likar du å sjå på fjernsyn?
Friends! Likar elles reality med tøffe fysiske konkurranser,
som kompani Lauritzen, Mesternes Mester, Råskap o.l.
Kor likar du best å feriere?
Her må eg svare Velledalen. Det var fantastisk under Camp
Velledalen i 2019, og gler meg til å kome attende.
Har du eit treningstips å dele med lesarane?
Her er to gode tips: 1. Gå eller spring så du blir sveitt og
andpusten – det er magi for helsa! 150 minutt moderat intensitet eller 75
minutt med høg intensitet i veka er alt som skal til for å få betydelig
helsevinst.
2. Skal du bli god i noko må du trene spesifikt på det. Men
hugs å ha det artig på vegen mot målet!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024