2001 var Jostein Linga sitt år
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2020
Etter 2000-sesongen stod
Jostein Linga med 398 kampar for VRF. Sidan kravet for å få gullklokka var 400
kampar, var det berre å stå på vidare. Og det gjorde Jostein.
I 2001 – i VRF sin nest
siste sesong – bikka Jostein 400 kampar, og han vart laget sin toppscorar.
Verdt å merke seg frå midtstoppar-posisjon i eit fleirtal av kampane. Jostein
Linga voks som spelar til eldre han vart. Truleg hadde ingen som såg guten som
16-17-åring våga tippe at der går ein komande gullklokkemann i VRF!
Som vi ser av teksten
passerte Tove Marie Tandstad og Monica Hole 150 spelte kampar på kvinnelaget
denne sesongen. Jim Bøchmann (300),
Stian Hole (200) og Frode Linga (100) vart
heidra for rundt tal kampar på herrelaget. Robert Sogge vart årets spelar på
3.div laget, Tove Tandstad fekk same pris mellom kvinnene.
Arne Olufsen
Drabløs kom ut av kvelden som «Årets supporter».
For fleire prisar sjå teksten
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024